Litt info frå kyrkja di

Det nærmar seg skulestart og snart er me vel i nokonlunde vanleg gjenge igjen nokon kvar. Her i kyrkja skjer det i grunnen litt av kvart i desse dagar, så eg skal prøve å systematisere litt:

Diverse aktivitet:
- Feil klokkeslett i tidlegare distribuert haustprogram: Samtalegudstenesta er 6. september kl. 11.00! (ikkje 18)
- Sist laurdag var det to vielsar i kyrkja! Kjempekjekt! Det er også ein del begravelsar her no når kapellet på Alfaset er stengt. Det er fint at soknekyrkja blir brukt.
- I går reiste konfirmantane på leir. Dei blir vekke til fredag og det er eit sterkt ønske om at me ber for dei denne veka.
- Dersom det er nokon som kan tenke seg å hjelpe til den 20. under konfirmasjonane anten med å dirigere trafikk eller samle inn kollekt eller anna, så blir det tatt imot med stor takk! Ta kontakt med underteikna i så fall.
- Eg legg ved informasjon om ein busstur som Grorud menighetspleie arrangerer. Dersom nokon har lyst til å vere med, så ta kontakt med Grorud menighetskontor.

Siv, forvalter